Hopp til innhold
X
Innhald

Kolbein J. Guddal

Då han som gamal mann vende heim til Oppstryn, skar han m.a. toppstykka til nummertavlene i Oppstryn og Nedstryn kyrkjer.

Kolbein J. Guddal (1851-1941), frå Oppstryn. Treskjerar. Med hjelp frå sambygdingen, stortingmann Arne Tonning, fekk Kolbein utdanningsstipend for å gå ved Blichfeldskolen i København. Her lærde han kunstskjering og modellering og vart ein av dei beste elevane. Han fekk m.a. i oppdrag å skjere friser til Fredriksborg slott.

Då han som gamal mann vende heim til Oppstryn, skar han m.a. toppstykka til nummertavlene i Oppstryn og Nedstryn kyrkjer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008