Hopp til innhold
X
Innhald

Kolbein sterke

Framsida av Kolbein Sterke 12. april 1947. Teikninga er signert Erling Solheim, og diktet Fram då frendar er skrive av Leif Arnold Loen.

Framsida av Kolbein Sterke 12. april 1947. Teikninga er signert Erling Solheim, og diktet Fram då frendar er skrive av Leif Arnold Loen.

Kolbein Sterke heitte eit blad som vart gjeve ut av Kornelius Sølvberg (sjå denne) frå Blakset frå 1939 til 1947. Bladet tala først og fremst fråhaldssak og målsak. Avisa hadde namnet sitt etter ein av Heilag-Olavs menn. Kolbein sterke slo i stykke gudebiletet av Tor under kristninga av Gudbrandsdalen.

Frå 1947 til 1949 gav Kornelius Sølvberg ut bladet ”Solsprett”, og seinare eit meldingsblad, ”Småbrukaren” (sjå dette), for Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.03.2011