Hopp til innhold
X
Innhald

Landbruk og attåtnæringar

Fruktdyrkinga

Stryn er nest etter Gloppen den største jordbrukskommunen i Sogn og Fjordane: I 2000 hadde kommunen totalt 212 mjølkeprodusentar (Gloppen 235), og frå leverandørane i Stryn vart det vege inn 12,6 millionar liter ku- og geitemjølk (Gloppen 14,6). Den første fellesfjøsen i Sogn og Fjordane vart bygd på Hilde i Innvik på 1970-talet.

Fruktdyrkinga

Skogbruk og bærplukking

Turistskyssinga og Rimfakse-striden

Bearbeiding av jordbruksprodukt

Dei første traktorane

Jordbruksskulen

Stryn og Innvik har frå 1920 til 1995 vore vertsbygder for jordbruksskulen i Nordfjord. I 1920 leigde fylket Mindresunde gard til landbruksskule, og i 1950 vart den flytta til prestegarden Langvin i Utvik, der den heldt til fram til den vart nedlagd i 1995. (Sjå «Mindresunde og Langvin jordbruksskular»).

Pelsdyravl

På 1920-talet vart dei første pelsdyrgardane bygde. I fleire bygder slo bøndene seg saman i aksjelag som dreiv revefarmane. Utvik har vore ei av dei viktigaste pelsdyrbygdene i Nordfjord. På Fosnes i Oppstryn hadde tyskarane under krigen bygd eit proviantlager som forsynte dei tyske avdelingane i Nordfjord med mat. Her var det også fryse- og kjølelager. Etter krigen skipa bygdefolket P/L Stryn Fryseri og Kjølelager som tok over fryselageret på Fosnes. Arnljot Årnes var styrar for lageret som i hovudsak vart nytta til lagring av fisk og kvalkjøt til pelsdyrfôr. Lageret hadde eigen bil som køyrde fôret ut til pelsdyroppdrettarane. Ved lageret var det også fryseboksar som folk kunne leige for privat djupfrysing av matvarer før det vart vanleg med heimefrysarar. Fryselageret på Fosnes var i drift til kring 1970.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.01.2010