Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Eliasson Søreide

(1874–1963) frå Hopland. Lærar, lokalhistorikar og språkgranskar.

(1874–1963) frå Hopland. Lærar, lokalhistorikar og språkgranskar.

Lærar i Rand krins 1896–1939. Han skipa både idrettslag, fråhaldslag og skoglag i krinsen og var medlem av kommunestyre og skulestyre i lange bolkar. Søreide var ein ivrig folkeminne- og språkgranskar. Han var medarbeidar til Norsk Ordbok og har gjeve ut grammatikk over Nordfjord-målet.

Tildelt Kloster-medaljen og Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.03.2008