Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Kveen AS

Lars Kveen AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lars Kveen AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lars Kveen AS vart starta av Lars Helge Kveen i 1980. Selskapet driv som entreprenør innan bygg og anlegg, m.a. veg- og tunnelbygging. I tillegg eig Lars Kveen AS verkstad for lette og tunge køyretøy under namnet Kveen Motor AS, med service for Nordfjord for Mercedes og for MAN lastebilar og bussar. I 2011 vart Kveen Motor AS forhandlar for det japanske bilmerket Nissan i Nordfjord. I tillegg omset selskapet ATV og snøskuterar.

I 2001 starta Lars Kveen helikopterselskapet Helikopter Utleie AS, som er eit dotterselskap av Lars Kveen AS.

I 2014 skifta Lars Kveen AS namn til Kveen AS etter eit eigarskifte som førde til at Lars Helge Kveen gjennom selskapet LHK Holding eig 50 prosent og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo gjennom selskapet Øvre-Flo eig 50 prosent.

I 2014 har Kveen AS 33 tilsette og ei omsetning på nær 100 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015