Hopp til innhold
X
Innhald

Lodalsulukkene 1905 og 1936

Dei to rasulukkene i Lodalen i 1905 og 1936 er dei største naturkatasrofane i Noreg i nyare tid. I alt 135 menneske omkom i dei to ulukkene, og bygdene i dalen vart lagde aude.

Loen-ulukka 1905:

15. januar 1905 rasa det ut eit stort fjellstykke frå det 1500 meter høge Ramnefjellet, og 61 menneske omkom. Skredet losna 500 meter oppe i fjellsida, og sopa med seg ei stor ur under. Fjellstykket var omlag 100 meter høgt, 50 meter breidt og 10 meter tjukt. Det vil seie at steinhammaren var omlag 50.000 kubikkmeter, tilsvarande ei vekt på 125.000 tonn. I tillegg kom ura og grusen, slik at ein reknar med at kring 870.000 tonn masse rasa ut i Loenvatnet.

Bødal etter ulukka i 1905.

Bødal etter ulukka i 1905.

Alle hus rauk med

Flodbylgja steig kring 40 meter på det høgste og sopte med seg alle husa i Ytre Nesdal. Det same hende i Bødal, der alle husa nede ved vatnet vart knuste, med unntak av eit par løer og nokre mindre uthus. Turistbåten «Lodalen» vart slengt 350 meter innover land.

Ramnefjellet sett frå Kjenndalen i 1910. Rett under rassåret ser vi hus som er bygde opp att i Nesdal etter ulukka i 1905. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ramnefjellet sett frå Kjenndalen i 1910. Rett under rassåret ser vi hus som er bygde opp att i Nesdal etter ulukka i 1905. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Til saman omkom 24 menneske i Bødal sjølve rasnatta, og tre menneske seinare av skadane dei fekk. I Nesdal omkom 34 menneske. Berre ni av dei omkomne vart funne att og gravlagde. Raset i 1905 øydela i alt 60 hus og drap 94 kyr, 10 hestar, 145 sauer og 16 grisar.

Ein minnestein vart reist på Nesodden same året, men den vart riven bort av raset i 1936.

Ein del av folket snakka om å flytte frå dalen etter ulukka. Likevel vart alle gardstuna bygde opp att. Husa vart bygde lengre frå stranda. Geologar meinte dei stod trygt, for dei venta ikkje fleire ras frå Ramnefjell, sa dei.

Loen-ulukka i 1936:

Etter ulukka i 1936 var det mange som tok turen til Lodalen for å sjå øydeleggingane. Her poserer ein del av dei framfor husrestar i Bødal. Ukjend fotograf.

Etter ulukka i 1936 var det mange som tok turen til Lodalen for å sjå øydeleggingane. Her poserer ein del av dei framfor husrestar i Bødal. Ukjend fotograf.

Men ved femtida om morgonen den 13. september rasa det på nytt i Ramnefjell, og 74 menneske omkom. Denne gongen losna eit enormt fjellstykke på kring ein million kubikkmeter 800 meter oppe i fjellet. Flodbylgja gjekk 70 meter høg, og sopa på nytt med seg alle gardane kring Loenvatnet.

Denne gongen var båra så høg at ho slo over Nesodden rett imot raset og skura den rein. Sjølv om minnesmerket frå 1905 på toppen av Nesodden var støypt fast i fjellet, vart det rive bort.

Skodelystne poserer ved vraket av turistbåten ”Lodalen” i 1936. Båten vart kasta på land av flodbylgja i 1905, og i 1936 vart vraket slengt endå 150 meter vidare opp på Nesodden. Ukjend fotograf.

Skodelystne poserer ved vraket av turistbåten ”Lodalen” i 1936. Båten vart kasta på land av flodbylgja i 1905, og i 1936 vart vraket slengt endå 150 meter vidare opp på Nesodden. Ukjend fotograf.

I 2012 ligg det rustne vraket av Lodalen inne i tett småskog. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2012 ligg det rustne vraket av Lodalen inne i tett småskog. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Største naturkatastrofe i nyare tid

Største naturkatastrofe i nyare tid

I gardstunet i Bødal omkom 44 personar. I Nesdal vart husa som vart bygde opp att høgre oppe i 1905 sparde, medan bruket Fredsvoll nærmare vatnet vart råka, og tre menneske omkom. I Indre Nesdal omkom 23 menneske. Lengre nede langs vatnet gjorde flodbylgja også stor skade. På bruket Sanden miste to smågutar livet, og på Osnes omkom to personar.

Berga på mirakuløst vis

Anders Bødal som var 12 år i 1936 berga livet etter å ha blitt ført med bylgja fleire hundre meter.

Låg og flaut i stova

Sverre Nesdal var eitt år gamal då flodbylgja trefte huset på Larsbruket i indre Nesdal. Han overlevde saman med resten av familien sin.

Skadde til nyopna Nordfjord sjukehus

Lodalsulukka i 1936 var den største naturkatastrofen som hadde råka landet i nyare tid, og det vart sett i gang eit storfelt redningsarbeid. Helsepersonell og bergingsmannskap strøymde til, og mange av dei skadde vart sende til det då nyopna Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid. M.a. vart det sett inn sjøfly som frakta dei skadde til sjukehus. Men det strøymde også mange nysgjerrige til. Dei skapte problem for redningsmannskapa i Lodalen.

Ved vegen til Kjenndalen er det sett opp ei minnetavle med namna til dei omkomne i 1905 og 1936. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved vegen til Kjenndalen er det sett opp ei minnetavle med namna til dei omkomne i 1905 og 1936. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Landsinnsamling til etterlatne

Ein rekna den gongen med at flodbylgja hadde gjort skade for kring ein halv million kroner. Over heile landet vart det sett i gang innsamlingar for å hjelpe dei som sat att. Kronprins Olav var til stades ved gravferda for dei omkomne i Loen kyrkje, der det var samla kring 4500 menneske. Minnehøgtida vart kringkasta over riksnettet.

Ein av kransane kom frå Tafjord på Sunnmøre, der ras og flodbylgje hadde teke 40 menneskeliv to år tidlegare: ”Atter kjem ei bylgja naar saari skulde gro. Sorg og taaror fylgja. Vi delar med dykk no. Vi kondolerar! Folket i Tafjord.”

Lodalen vart fråflytta

Gardane i Bødal og Nesdal vart ikkje bygde opp att etter denne siste ulukka. Men i Bødal er det i ferd med å bli busetnad igjen. I 2011 bur det to familiar der.

Minnesmerke

Ved turistvegen mellom Bødal og Kjenndal er det montert ei koparplate med namna på dei som ikkje vart attfunne etter Lodals-ulukkene i 1905 og 1936. Ved Loen kyrkje er det reist to minnesteinar med namna på alle som omkom i Lodalen i 1905 og 1936.

Ytre Nesdal i 2008. Bygda vart fråflytta etter ulukka i 1936, og naturen er i ferd med å ta att det folket i bygda brukte mange hundreår på å byggje opp. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ytre Nesdal i 2008. Bygda vart fråflytta etter ulukka i 1936, og naturen er i ferd med å ta att det folket i bygda brukte mange hundreår på å byggje opp. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bødal i 2008. Her omkom 27 menneske i 1905 og 44 i 1936. Ein del av jorda blir dyrka, men ingen har våga å sette opp hus på den vide flata ved Lovatnet etter ulukka i 1936. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Nesodden er det reist ein stor kross som eit minne om rasulukkene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Nesodden er det reist ein stor kross som eit minne om rasulukkene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.01.2019