Hopp til innhold
X
Innhald

Magne G. Maurset

Magne G. Maurset (1824–1916) frå Markane. Bøkkar, meisterspelemann og slåttekomponist.

Magne G. Maurset (1824–1916) frå Markane. Bøkkar, meisterspelemann og slåttekomponist.

Han tok til å spele fele i 15-årsalderen og hadde gått i lære hjå m.a. Lars Knudson Kroken (Kroka-Lars), «Loms-Jakob» og «Syvdsnes-Per» frå Sunnmøre. Maurset var kjend som den beste spelemannen i indre Nordfjord på den tida.

Han var særleg vidgjeten for springarar og hallingar, og spelte i over 300 bryllaup. Han vart ein viktig læremeister for grannen sin Jens Maurset (1863-1927) og for storspelemannen Jon Rosenlid (1891-1974) og kameraten hans, Samuel Bergset (1888-1974).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.03.2011