Hopp til innhold
X
Innhald

Magne H. Sætren

Statoil-stasjonen i Olden, tidlegare Magne H. Sætren-butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Statoil-stasjonen i Olden, tidlegare Magne H. Sætren-butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Magne H. Sætren starta landhandel i Olden i 1957 saman med ektemaken Solbjørg. Sætren dreiv også bensinstasjon.

På 1970-talet bygde dei nytt forretningsbygg. I tillegg til daglegvarebutikken i første høgda var det også skobutikk i andre høgda.

Seinare har Olden Rør AS leigd lokale i andre etasje. Røyrleggjarfirmaet vart skipa i 1986. Landhandelen vart vidareført som Olden Mat og Handel AS, men gjekk konkurs på 2000-talet. Bensinstasjonen vart driven vidare som Statoilstasjon ei tid, men i 2010 vart også den stengd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2011