Hopp til innhold
X
Innhald

Mariann Thomassen

Mariann Thomassen. Foto: Sara Johannessen.

Mariann Thomassen. Foto: Sara Johannessen.

Mariann Thomassen fødd 1979 frå Stryn, busett i Oslo. Popartist.

Frå 2000 til 2010 var ho vokalist og musikar i popgruppa «Surferosa» som har gjort stor suksess med ein musikkstil som er ei samansmelting av pop, rock og punk. Gruppa gav ut tre album. Mariann Thomassen er kjend som ein god sceneartist, og spela også synth-gitar i bandet.

Ho var dommar i TV2 si vokalisttevling ”Idol” i 2007.

I 2010 starta ho på solokarriere under artistnamnet Mariann Rosa og gav ut cd-singlen ”Download my kisses” i 2011.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016