Hopp til innhold
X
Innhald

Milepælar i turistnæringa

Naturen i Stryn kommune har i 150 år lokka til seg turistar frå store delar av verda. Her har tyske bussturistar teke ein rast ved Oldevatnet på veg til Briksdalen, med Melkevollbréen som blikkfang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn er den største turistkommunen på Vestlandet utanom Bergen, med 1400 overnattingsplassar, og 270.000 gjestedøgn i år 2000. I tillegg kjem campingturismen.

Breane har fascinert både vanlege turistar og kunstnarar. Dette er Briksdalsbréen måla av Otto Sinding. © Blomqvist Kunsthandel..

Breane har fascinert både vanlege turistar og kunstnarar. Dette er Briksdalsbréen måla av Otto Sinding. © Blomqvist Kunsthandel..

Den første turismen i Stryn

Sjølv om Den Trondhjemske Postvei i Stryn hadde gått over Utvik-Faleide-Hornindal sidan 1785, var det lite turistar i Indre Nordfjord før Amtsbaatane (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) starta faste ruter Bergen–Nordfjord frå 1858.

Hotell-boomen

I løpet av nokre få år på 1880-1890-talet skaut det opp store turisthotell i sveitsarstil både i Stryn, Loen og Olden.

Lakselordar og fjellklatrarar dei første turistane

Dei første engelske «lakselordane» dukka opp i Indre Nordfjord på 1860-talet. Første sportsfiskaren i Stryn, skotten mr. James Cowan, leigde Stryneelva for 10 år i 1874.

Flytande hotell og Strynefjellsveg

Ein ny æra opna seg med det første «flytande hotellet» – turistskipet «Midnight Sun» i 1894. No vart turistane sette på land i Olden, Loen eller på Visnes i Stryn, og Faleide kom i bakleksa.

Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L

Bilen fekk sitt gjennombrot som transportmiddel i turisttrafikken kring 1912 og i 1914 vart det skipa billag.

Turiststraumen skapte mykje arbeid og ekstrainntekter for folk i Stryn kommune, mellom anna var det mange som frakta turistane med hest og kjerre. Dette biletet er frå Olden i 1930.

Turiststraumen skapte mykje arbeid og ekstrainntekter for folk i Stryn kommune, mellom anna var det mange som frakta turistane med hest og kjerre. Dette biletet er frå Olden i 1930.

Krig og nedgangstider i turismen

Utbrotet av 2. verdskrig i 1914 sette ein brå stoppar for turisttrafikken til Noreg, og mange turisthotell bukka under.

Campingturismen i Stryn

Eit nytt ferietilbod dukka opp midt på 1950 talet: Campingplassane.

Det å få gå på bréen er populært blant dei sprekaste av turistane. Her er to tyske ungdommar i taulag i 1939. Frå venstre Werner Sieg, ukjend, Arnold Vik og Knut Heienberg. Foto: Hermod Vik. Eigar: Arnold Vik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Aktivitetstilbod for turistane

Breførarar og lakseklepparar var dei første aktivitetstilboda til pengesterke turistar.

Heilårsdrift på hotella

Frå 1970-talet tok m.a. Hotel Alexandra til med å utvide sesongen: Betre kommunikasjonar gjorde at ein veksande møte- og konferansemarknad innanlands opna seg.

Sjå også under omtale av dei einskilde hotella, vegprosjekt m.m. under Reiselivsbedrifter i Stryn og Samferdsle i Stryn.

Svært mange av dei utanlandske turistane kjem til Stryn i spesialbygde bussar. Desse har gjerne med seg mat og drikke, slik at bussturistane ikkje legg att mykje pengar utanom sjølve overnattinga. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.03.2011