Hopp til innhold
X
Innhald

Miljøservice AS

Nokre av bilane til Miljøservice AS. Foto: Ivar Loen Sandbakk.

Nokre av bilane til Miljøservice AS. Foto: Ivar Loen Sandbakk.

Miljøservice AS vart starta i 1989 av Kristian Sandbakk. Firmaet driv med tømming av septiktankar, og Sandbakk starta med ein bil. I 1993 kom Arild Bødal med i verksemda, som då satsa på moderne avvatningsteknologi.

I 1995 inngjekk Miljøservice AS samarbeid med Johny Birkeland Transport AS i Gulen. Saman etablerte dei morselskapet Septik24 AS i 2002. Dette selskapet eig både Miljøservice AS og Johny Birkeland Transport AS.

Septik24 AS har dei siste åra kjøpt opp fleire selskap rundt om i landet, slik at dei i 2014 er representert i 140 kommunar. Septik AS har i 2014 ei omsetning på rundt 220 millionar kroner og 130 tilsette. Miljøservice AS hadde i 2013 ei omsetning på 107 millionar og har vel 70 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.01.2016