Hopp til innhold
X
Innhald

Moods of Norway AS

Simen Staalnacke (t.v.) og Peder Børresen brukar naturen i Stryn i marknadsføringa si. Foto: Berit Roald, Scanpix.

Simen Staalnacke (t.v.) og Peder Børresen brukar naturen i Stryn i marknadsføringa si. Foto: Berit Roald, Scanpix.

Moods of Norway AS vart skipa i Stryn i 2003 av moteskaparane Simen Staalnacke og Peder Børresen. Firmaet har hatt stor suksess både i Noreg og utlandet med sal av kle med spesiell og fargerik design. I 2007 sysselsette Moods of Norway 13 personar og hadde ei omsetning på kring 40 millionar kroner.

Moods of Norway-eventyret starta i dette vesle huset i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Moods of Norway-eventyret starta i dette vesle huset i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Moods of Norway har gjennom original og oppsiktsvekkande marknadsføring etablert seg som ein internasjonal aktør, og i 2010 var talet på tilsette auka til vel 70. Av desse var om lag 25 ved hovudkontoret i Stryn.

Hovudkvarteret til Moods of Norway i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudkvarteret til Moods of Norway i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utsal i Los Angeles og New York

Omsetninga var i 2010 auka til vel 200 millionar, og selskapet kunne bokføre eit resultat på rundt 40 millionar kroner. I 2012 har Moods of Norway 12 butikkar i Noreg, i tillegg til utsal i Los Angeles og New York, i 2013 opna dei og butikk i Minneapolis. Talet på tilsette var i 2013 oppe i 300.

OL-kolleksjon

I dei olympiske leikane og Paralympics i London i 2012 gjekk dei norske deltakarane i kle designa av Moods of Norway.

Simen Staalnacke (i raud bukse) presenterer den norske OL-kolleksjonen 2012. Foto: Bjørn Ivar Voll, NRK.

Simen Staalnacke (i raud bukse) presenterer den norske OL-kolleksjonen 2012. Foto: Bjørn Ivar Voll, NRK.

Årets bedrift

I 2013 vart Moods of Norway kåra til Årets bedrift i Norge. Utdelinga skjedde på Signalkonferansen, arrangert av Innovasjon Norge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2013