Hopp til innhold
X
Innhald

Naudlanding og kampar på Strynefjellet

27. april 1940 var ein tysk Heinkel 111 H-1 på bombetokt i Romsdal då det kom i kamp med to engelske Blackburn Skua kampfly.

27. april 1940 var ein tysk Heinkel 111 H-1 på bombetokt i Romsdal då det kom i kamp med to engelske Blackburn Skua kampfly.

Hekkskyttaren ombord vart drepen og det tyske flyet så mykje skadd at det måtte naudlande på Strynefjellet ved Grotli. Eitt av dei engelske flya fekk motorstopp og naudlanda like etter på Breidalsvatnet ei halv mil unna.

Fiendar i same hytta

Dei overlevande frå begge mannskapa søkte ly i same hytta, og valde å leggje ned våpna. Neste dag var ein norsk patrulje på 20 mann på Strynefjellet for å reparere telefonlina då dei oppdaga kva som hadde hendt.

Frå innspelinga av filmen om hendinga i 2011. Foto: NRK.

Frå innspelinga av filmen om hendinga i 2011. Foto: NRK.

Kinoplakaten for krigsfilmen

Kinoplakaten for krigsfilmen

Under arrestasjonen av tyskarane trekte ein tyskar pistol og vart skoten. Dei andre tyskarane vart arresterte og førde til Nordfjordeid, og seinare til England.

I 1974 vart det britiske Skua-flyet heva frå Breidalsvatnet der det naudlanda, og vart restaurert. Vrakdelane etter det tyske Heinkel-flyet ligg framleis i fjellet ved Grotli.

Den 6. mai kom ein britisk tropp på 29 soldatar på rømming vestover Strynefjellet. Her vart dei plukka opp av lastebilsjåfør Kristian Egge, som skyssa dei til Nordfjordeid. Britane vart seinare skyssa ut til kysten og frakta over til England.

Spelefilm i 2011

I 2011 vart det spelefilm av den spesielle hendinga på Strynefjellet. Det vart gjort opptak til filmen ”Into the White” på Strynefjellet og på Hjelle i april 2011, og filmen hadde førpremiere i Stryn 3. mars 2012.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.02.2012