Hopp til innhold
X
Innhald

Nor-Import

Cruisekaia i Olden og det tidlegare slakteribygget til Nordfjord Kjøtindustri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Cruisekaia i Olden og det tidlegare slakteribygget til Nordfjord Kjøtindustri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nor-Import i Olden vart grunnlagt i 1987 av eidaren Aslak Lefdal då han kjøpte det fråflytta slakteriet til Nordfjord Kjøtindustri og starta agentur for øl og mineralvatn.

Cruisekai i Olden

I 1992 bygde Lefdal den første kaia i Sogn og Fjordane for turistskip. Kaia har vore drive av selskapet Nordfjord Serviceterminal A/S. Den gamle Olden Mølle like ved vart kjøpt i 1990, og er ombygd til restaurant og servicebygg. Nordfjord Havn (sjå dette – Vågsøy kommune) har seinare teke over cruisekaia i Olden og utvida for 30 millionar kroner i 2008.

Nor-Import flytta i 1995 verksemda til nye lokale i Stryn sentrum, og Aslak sin son Jon Olav er dagleg leiar av verksemda. Selskapa til Lefdal har 45 tilsette, og hadde i 2000 ei omsetning på 100 millionar kroner.

Flytta til Nordfjordeid

I 2004 kjøpte selskapet det nedlagde VS-slakteriet på Nordfjordeid, og dotterselskapet NorDrikk flytta verksemda dit. – Les meir om LefdalGruppen under Eid kommune i artikkelen: Forretningsfamilien Lefdal.

Cruiseskipet Boucicca ved kai i Olden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Cruiseskipet Boucicca ved kai i Olden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2011