Hopp til innhold
X
Innhald

Oddny Ommedal

Ommedalbygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ommedalbygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oddny Ommedal starta manufakturforretning i Stryn i 1959.

Ektemaken Jakob Ommedal var først styrar av bensinstasjonen ved Nordfjord og Sunnmøre Billag sin rutebilstasjon før han bygde ny Esso-stasjon i 1966. I 1985 overtok sonen Per Eilert Ommedal og dottera Randi Ommedal bensinstasjonen. Ho driv også Kleivenes Camping (sjå Ommedal Pensjonat ) og er medeigar i Ommedal Manufaktur A/S saman med Elin Ommedal Krumsvik.

I dette huset starta Oddny Ommedal manufakturforretninga si. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset starta Oddny Ommedal manufakturforretninga si. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.03.2011