Hopp til innhold
X
Innhald

Olaf Andenæs

Olaf Andenæs (1907-1985) frå Innvik,  busett i Stryn. Lege. Cand. med. i 1933.

Olaf Andenæs (1907-1985) frå Innvik, busett i Stryn. Lege. Cand. med. i 1933.

Han utdanna seg til spesialist i tuberkulose, skreiv ei rad artiklar om sjukdomen i fagpressa, og vart rekna som ein av landets fremste ekspertar på tuberkulose. Arbeidde ved tuberkulosesanatoria i Lavik og Sandane før han vart distriktslege i Stryn, der han også hadde ansvaret for diagnosestasjonen for tuberkulose.

Son til Mads Olson Andenæs. Bror til Erling Andenæs, Johannes Bratt Andenæs og Tønnes Andenæs og far til Ivar Andenæs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.08.2012