Hopp til innhold
X
Innhald

Olden kyrkje

Olden kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens soknekyrkje i Olden ligg på Brynestad og vart bygd i 1934. Arkitekt var Daniel J. Muri og byggmeister Johan Yri. Altartavla frå 1934 er måla av Bjørn Smidt Hald. Glasmåleriet over koret er frå 1936 og er laga av R. Rognaldsen frå Bergen. Interiøret i kyrkja er prega av utskorne englar og englehovud. Mannen som skar desse var Arne Kinsarvik, sonen til den kjende treskjeraren Lars Kinsarvik som m.a. har dekorert kyrkjene på Nordfjordeid, i Rugsund og på Totland ved Bryggja. Kyrkja i Olden er ei av dei få raudmåla kyrkjene i Sogn og Fjordane.

Kyrkjestrid i Olden

På 1920-talet gjekk det ein hard strid i bygda korleis ein skulle løyse spørsmålet om ny kyrkje. Striden dreia seg både om riving, restaurering eller flytting av den gamle kyrkja, bygging av ny kyrkje og plassering av denne. Både Riksantikvaren og Fortidsminneforeninga blanda seg inn i striden. Den amerikanske millionæren William Singer jr. baud seg til å koste restaurering og framtidig vedlikehald av gamlekyrkja frå 1759 - på vilkår av at det ikkje vart bygd ny kyrkje i bygda i dei neste 20 åra. Det var til slutt prosten i Nordfjord, Reiel Nybø, som skar igjennom i 1933 og fekk bygda til å einast i om at gamlekyrkja fekk stå på Oldeøyra, og at den nye soknekyrkja vart bygd på Brynestad. Året etter vart nyekyrkja vigsla.

Olden gamle kyrkje vart etter mykje strid ståande, og Olden har dermed to kyrkjer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden gamle kyrkje vart etter mykje strid ståande, og Olden har dermed to kyrkjer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alda kyrkje – den eldste Olden-kyrkja

Det gamle bygdenamnet på Olden var Alda. Den første Alda kyrkje er omtala i 1308 og vart truleg bygd i andre halvdelen av 1200-talet. Utgravingar under gamlekyrkja på Oldeøyra i 1969 avdekte murane til ei tidlegare kyrkje som har vore 11 meter lang og sju meter brei i skipet, og med eit austvendt kor på 6x7 meter. Denne kyrkja skal ha hatt svalgangar og eit høgt tårn på midten av taket. Ho vart riven for å gje plass til ei ny kyrkje på Oldeøyra i 1746. Dette var ei tømra langkyrkje som fekk svært kort levetid. I 1757 vart ho nemeleg øydelagd i ein hard storm. Ho vart erstatta av ”gamlekyrkja” som står i sentrum av Oldeøyra i dag. Sjå Olden gamle kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.03.2011