Hopp til innhold
X
Innhald

Olden Samyrkelag

Coop Marked Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden Samyrkelag vart skipa kring 1. verdskrig og stod bak bygginga av Olden Mølle i 1920. Laget starta landhandel i lokale i mølla tidleg på 1950-talet, men flytta butikken over i nybygg like ved brua i sentrum tidleg på 1960-talet.

Olden Samyrkelag stod bak bygginga av Olden Mølle. Bygningen er i dag ein del av anlegget til cruisekaia i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden Samyrkelag stod bak bygginga av Olden Mølle. Bygningen er i dag ein del av anlegget til cruisekaia i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1983 bygde samyrkelaget stort nybygg på 1200 kvadratmeter på nedsida av riksvegen i Olden sentrum. Her var det også plass til postkontoret. Like etter fekk samyrkelaget økonomiske problem, men eit folkeaksjelag i bygda berga butikken.

Seinare har forbrukarsamvirket kome tilbake til Olden og driv no butikken under namnet Coop Marked Olden.

Coop leiger butikklokala av eit lokaleigd eigedomsselskap. Det har også vore såkalla post i butikk-ordning i Coop-butikken i Olden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.01.2010