Hopp til innhold
X
Innhald

Over fjell etter beite og skog

Hopland og Randabygda. Bønder i Gloppen hadde sommarbeite ved Randabygda, medan bøndene i Randabygda eigde skogteigar i Markane. Foto: Olav Jakob Tveit.

Hopland og Randabygda. Bønder i Gloppen hadde sommarbeite ved Randabygda, medan bøndene i Randabygda eigde skogteigar i Markane. Foto: Olav Jakob Tveit.

Med stupbratte dalsider var det ikkje alltid så lett å finne sommarbeite til husdyra i gamle dagar – langt mindre skikkeleg bygningstømmer. Ofte måtte innfjordingane langt av garde etter begge delar.

I beitestrid med sunnmøringane

I gamal tid brukte mange bønder i Strynedalen å drive buféet sitt nord om fjella til Røyrhus i Sunnylven på sommarbeite. I 1644 finst det dokument som viser at i alt 24 bønder frå Stryn let dyra sine beite på sunnmørssida av fjella. Dette vart det tallause stridar av, og futen fekk mykje å gjere. I 1787 tok Røyrhus-bøndene saka i eigne hender og dreiv buféet til stryningane ”over alle blånar”. I rettssaka som fylgde, fekk strynebøndene medhald i at dei hadde hevdvunnen rett til å beite på sunnmørssida. Dei fekk også jamvel medhald i at dei kunne hogge brenneved og tømmer til sætrehus i Langedalen.

Glopparane hadde sommarbeite ved Randabygda

I gamle dagar leigde mange gardbrukar frå Gloppestad i Gloppen og Muri i Olden sommarbeite for buskapane sine i Randadalen og Klebergdalen på nordsida av Nordfjord. Buferda gjekk med robåt over fjorden frå Nautevika ved Moldreim. Det vert fortalt at glopparane slutta med denne beitinga og båttransporten som fylgde med etter at ein båt med krøtter ombord forliste på fjorden.

Folket i Randabygda med skogteigar i Markane

Folk i Randabygd og Tvinnereim hadde i eldre tid eigne skogteigar i søre Markane, kalla Randaskogane. Forklaringa på dette var at det den gongen var ringt med tømmerskog på sørsida av fjella, og at det vart kort veg over Holmøyskaret når ein skulle hente tømmer i Markane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011