Hopp til innhold
X
Innhald

Peder O. Tonning

Han skal også ha fungert som  tollkassestyrar og divisjonssjef for sjøvernet i Ålesund.

Peder O .Tonning (1782-1839) frå Stryn, busett i Ålesund. Postmeister, tollar og politikar. Han var son til handelsmann Ole Tonning i Stryn, men reiste til Ålesund, der han vart postmeister 1812-1839. Postkontoret låg den gongen i Steinvågen der Tonning også dreiv ei handelsverksemd.

Han skal også ha fungert som tollkassestyrar og divisjonssjef for sjøvernet i Ålesund.

Tonning vart den første ordføraren i Ålesund 1838-1839. Representerte Romsdals Amt på det ekstraordinære Stortinget hausten 1814, og representerte også amtet ved seinare høve.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011