Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Pederson Tonning

Peder Pederson Tonning (1708–1798). Handelsmann på Tonning, som i 1735 fekk kongebrev på handel på Tonning, i 1715 på Oldeøyra og i 1739 også for eit gjestgiveri på Hildeøyra i Innvik.

Han gav m.a. altertavla til gamle Olden-kyrkja som han eigde. Signaturen hans PPT står skore inn med store bokstavar midt på tavla! Far til Peder Pederson Tonning d.y. som kjøpte Handelsstaden Vågsberget i 1777.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008