Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Rasmusson Tonning

(ca. 1615–1701) frå Tonning. Handelsmann på Tonning, og ættefar til den kjende handelsslekta Tonning.

Fekk borgarskap i Bergen i 1654, og er truleg den første av bondeætt som fekk borgarskap – d.v.s. løyve til å drive handel – i Sogn og Fjordane. Elles var slike privilegium reserverte for folk frå overklassen i Bergen. Peder dyrka opp jorda på Tonning og kjøpte store jordeigedomar i indre Nordfjord. Ved Vikaelva dreiv han eit stort sagbruk. Han dreiv sjølv handelen fram til sonen Peder Pederson Tonning d.e. overtok i 1685.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.03.2008