Hopp til innhold
Per Bolstad (1875–1967).  Foto: © Fylkesarkivet.
Per Bolstad (1875–1967). Foto: © Fylkesarkivet.
X
Innhald

Per Bolstad

Per Bolstad (1875–1967) frå Ålesund. Musikar og komponist, kjend som ein av dei fremste komponistane våre av dansemelodiar i gammal stil, som til dømes «Fagre Stryn».

Far til Per Bolstad var frå Stryn, og Per var sterkt knytt til kommunen. Fleire av slåttane hans ber tittel med Stryne-namn: «Fagre Stryn», «Aften på Erdal», «Aften på Mork», «Hilsen til Hjelle», «Sommerkveld på Videsæter» o.s.b.

Gav ut «Lette bygdeslåttar» (1923), «Slåttar frå gamle dage» (1928) der fleire komposisjonar av faren Per Mathiasson Bolstad (1833-1910) var med, og «Slåtter i gammel stil» (1957).

Per Bolstad hadde eige danseensemble som han leia til det siste, sjølv om han på slutten vart blind. I Stryn sentrum er det reist ein minnestein etter komponisten – på Per Bolstads Plass.

Per Bolstads plass med minnestein i Stryn sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Per Bolstads plass med minnestein i Stryn sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Per Bolstad. Foto: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.

Per Bolstad. Foto: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018