Hopp til innhold
X
Innhald

Per Egil Flo

Per Egil Flo fødd 1989, frå Stryn, busett i Molde. Fotballspelar. Han starta fotballkarrieren sin i Stryn og gjekk til Sogndal i 2006. I 2013 gjekk han vidare til Molde FK og vart cupmeister med dette laget same året.

Flo har til saman 38 kampar på aldersbestemte landslag, i tillegg til tre kampar for U21-landslaget og tre for U23-landslaget. I august 2014 fekk han sin debut på A-landslaget i ein privatkamp mot Emiratene.

Same året vart han både seriemeister og cupmeister med Molde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Først publisert: 05.06.2015
Sist oppdatert: 16.01.2016