Hopp til innhold
X
Innhald

Per Lunde

Per Lunde (1879–1956) frå Stryn. Ordførar og major. Under teneste i Nord-Noreg skipa han realskule og gymnas på Sortland. Kom seinare heim og var ordførar i Stryn 1929–1937.

Direktør for Stryn Sparebank frå 1932, og fekk forhandla fram økonomisk hjelp frå Staten både til kommunen og sparebanken etter det lokale krakket som utbygginga av det kommunale elektrisitetsverket hadde ført til på 1920-talet. Les meir om dette under Kommunehistoria i Stryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2011