Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus Jonsson Meland

Rasmus Jonsson Meland (1869-1961). Prest og organisasjonsmann.

Han ættar frå Meland i Oppstryn, men vart fødd i Faribault County, Minnesota, og var det meste av levetida busett i Minneapolis. Foreldra Jon og Kari flytta frå Stryn til Romsdal i 1864 og til Amerika i 1866, der sonen Rasmus utdanna seg til prest (pastor) med eksamen frå Lutheran Seminary, Robinsdale i Minnesota i 1896.

Meland arbeidde som pastor fleire stader i USA, for det meste i Midtvesten.

Han skipa i 1909 Nordfjordlaget i Amerika, der han var første formannen. I 1918 var han ein av skiparane av Lutheran Information Bureau, som støtta norske innvandrarar som ville skaffe seg farm, og han var medskipar av «The Minneapolis Posten». Tildelt St. Olavs-medaljen i 1947.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.03.2009