Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus L. Skaare

I 1909 fekk han setje opp eit tilbygg – Videsæter Hotell, og seinare vart også fjellstova ein del av hotellet.

Rasmus L. Skaare (1862–1928) frå Oppstryn. Bonde, fjellstovestyrar og politikar. Vart tilsett som styrar på fjellstova på Videseter då denne vart sett opp i 1903.

I 1909 fekk han setje opp eit tilbygg – Videsæter Hotell, og seinare vart også fjellstova ein del av hotellet.

Ordførar i Stryn 1913–1928, i ei tid då kommunen m.a. bygde kommunalt kraftverk (sjå Kommunehistoria i Stryn) og fekk jordbruksskule på Mindresunde og husmorsskule på Visnes.

Kraftverksutbygginga gjorde at både sparebanken og kommunen nærmast gjekk konkurs, og måtte bergast økonomisk av Staten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.03.2011