Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Myklebust

Rolf Myklebust (1908-1990) frå Stryn, busett i Oslo. Musikar, og NRKs «Folkemusikk-halvtime» personleg.

Rolf Myklebust (1908-1990) frå Stryn, busett i Oslo. Musikar, og NRKs «Folkemusikk-halvtime» personleg.

Myklebust studerte ved Musikkonservatoriet frå 1925 og debuterte som fiolinist i 1931. Han var engasjert i Philharmonisk Selskaps Orkester som førstefiolinist frå 1940 til 1952. Han hadde i tillegg eige ensemble frå 1945 til 1952. Han nytta sommarferiane i denne tida til innsamling av slåttar i Nordfjord og på Sunnmøre. Ein fingerskade gjorde at han gav opp karrieren som konsertfiolinist.

Samla inn 30.000 opptak

Myklebust var tilsett som folkemusikkmedarbeidar i NRK frå 1952 til 1978. I denne stillinga gjorde han eit banebrytande arbeid med innsamling av kring 30.000 opptak av norsk folkemusikk frå heile landet. Opptaka omfatta over 1300 einskildutøvarar og kring 70 spelemannslag. I tillegg teikna han sjølv ned omkring 600 slåttar og folketonar.

I 1982 gav han ut boka «Femti år med folkemusikk» (Det Norske Samlaget). Arkivet til Myklebust vart i 1993 teke hand om av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. I 2011 starta arbeidet med å katalogisere og digitalisere materialet. Dette arbeidet vart avslutta i 2012.

Likte ikkje takttramping

Myklebust sin bakgrunn som klassisk fiolinist prega også hans oppfatning av folkemusikken. Han kunne såleis leggje ei pute under taktfoten til gamle spelemenn under radio-opptaka. Tramping av takta var unotar, meinte han!

Myklebust er heidra m.a. med æresmedlemskap i Norsk Musikerforbund og Landslaget for spelemenn. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 1978, og Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane i 1983. Eit bronserelieff av Myklebust vart avduka i Stryn Kulturhus i 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021