Hopp til innhold
X
Innhald

Skjenkestove og gjestgiveri i Innvik

Innvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Innvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første skjenkestova på Hildeøyra i Innvik kom i 1709, då Henning Kjellson Hylland frå Ryggøyra i Gloppen slo seg til der og fekk løve til å drive «øltapperi».

Han fekk løyvet som «løn» fordi han hadde tent Kongen i krigsteneste. Skjenkeløyve var ikkje uvanleg påskjøning for krigsteneste i gamle dagar. Det er elles mykje som tyder på at ei kvinne som heitte Elen Køster også dreiv ølskjenking på Hilde nokre år før Hylland kom, men dette er ikkje stadfesta.

Etter at Henning Kjellson Hylland og dottera Dorthe hadde stengt skjenkestova, fekk kremmaren på Tonning i Stryn, Peder Pederson Tonning, i 1739 rett til å drive gjestjeveri i Innvik som ein filial under Tonning. Han tilsette Hans Hansson som gjestgjevar i Innvik. Gjestgjevaren i Utvik, Kristen Kristensen Busch, var lite glad for konkurrenten i Innvik. Han klaga over at den nye skjenkestaden låg like ved Innvik-kyrkja, og at det førte til mykje fyll og ulivnad kring gudshuset. Det enda med at Tonning miste løyvet sitt i Innvik.

Elles er det nemnt at Jørgen Martinusson i 1720 fekk bygsla ei tuft ved Hildenausta for å drive skjenkestove der.

Innvik sett frå Blakset på nordsida av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Innvik sett frå Blakset på nordsida av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011