Hopp til innhold
X
Innhald

Skogstad Sport A/S

Skogstad Sport i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skogstad Sport i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Halstein Skogstad starta skreddarforretning i Innvik 1936. Dei første åra sydde fabrikken konfeksjon for både menn og kvinner.

Indvikens Uldvarefabrikk og Devold Fabrikker i Langevåg var gode kundar. I 1978 tok sonen til Hallstein Skogstad, Anton Skogstad, over som dagleg leiar. Firmaet endra 1984 namn til Skogstad Sport AS, og bygde 1984 større fabrikk i Innvik. På det meste hadde Skogstad 32 tilsette i Innvik, og leigesaum ved systover i Batalden i Flora, Hornindal og Olden.

I 1995 flagga Skogstad ut halve produksjonen, mest til Kina, og i 1999 var det heilt slutt på eigenproduksjon ved anlegget i Innvik.

Skogstad Sport har utsal og lager i Sunde-bygget i Olden. I 2006 har Skogstad Sport 16 tilsette, og reknar i 2007 med ei omsetning på kring 100 millionar kroner. I 2007 vart bygningane i Innvik utvida med 600 kvadratmeter.

Verksemda har endra namn til Skogstad AS, og har i 2012 eigne butikkar i Olden, Innvik, Drammen, Moss, Oslo, Stryn og Sandefjord.

I 2013 overtok sonen til Anton Skogstad, Henning, som dagleg leiar.

I 2011 starta Skogstad Sport med eksport til Storbritannia. For å gjere produkta sine betre kjende inngjekk verksemda i 2014 avtale om å vere offisiell sponsor for fotballklubben Cardiff.

Lagerutsalet i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lagerutsalet i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015