Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Amfi

Stryn Amfi før namneskiftet til Stryn Torg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Amfi før namneskiftet til Stryn Torg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Amfi er eit stort kjøpesenter som vart bygd i Stryn sentrum i 2003. Kjøpesenteret inneheld 16 butikkar. I 2005 og 2006 låg den samla årsomsetninga på omlag 110 millionar kroner.

I 2007 skifta Stryn Amfi namn til Stryn Torg, samstundes med at Stryn Eigedomselskap AS overtok drifta og forvaltninga av senteret. Bak Stryn Eigedomsselskap står Rema Eigedom vest og Thorleif Roksvåg.

Stryn kommune er mellom leigetakarane i Stryn Torg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn kommune er mellom leigetakarane i Stryn Torg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.03.2011