Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Samyrkelag

Coop Prix i Stryn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Prix i Stryn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn Samyrkelag vart skipa i 1946 og starta tre utsal kringom i kommunen. Samyrkelaget dreiv også kjøp og sal av landbruksvarer.

På 1980-talet starta prosessen med samanslåing av samvirkelaga i Nordfjord til Nordfjord handelslag. I Stryn gjekk både Stryn Samyrkelag og handelslaget i Olden inn i den nye eininga.

I 2000 vart så Nordfjord Handelslag slege saman med samvirkelag på Sunnmøre, under namnet Coop Nordfjord og Sunnmøre BA (Coop Nor-Sunn), med administrasjonsstad Volda.

Den 1. januar 2008 vart Coop Nordfjord og Sunnmøre BA slege saman med Coop Sogn og Fjordane til Coop Vestland BA. Den nye eininga har i alt 83 butikkar frå Hareid i nord til Lærdal i sør og har og kring 870 tilsette. Coop Vest har hovudkontor i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.01.2010