Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Sommarskisenter

Aktivitet på Stryn Sommarski ein dag med draumeforhold. Foto: NRK.

Aktivitet på Stryn Sommarski ein dag med draumeforhold. Foto: NRK.

I 1972 opna Stryn Sommarskisenter på Tystigen på Strynefjellet. Her er det bygd stort servicehus med kafé, og anlegget har hatt stolheis sidan 1986. Anlegget er bygt i området der det årlege Strynefjellsrennet vart avvikla frå 1937.

I 1990 fekk ei Oslo-jente skadar etter at ho fall ned i ein bresprekk. Ho skulda sommarskisenteret for dårleg sikring og gjekk til sak, og vart av Høgsterett tilkjent 1,6 millionar kroner i erstatning. Skisenteret hadde ikkje råd å betale, og slo seg sjølv konkurs i januar 2002.

To som nyt tilveret på ein fin dag på Tystigen. Foto: Olav Jakob Tveit.

To som nyt tilveret på ein fin dag på Tystigen. Foto: Olav Jakob Tveit.

Sidan har Skibenes-familien frå Nordfjordeid teke over drifta av skisenteret under namnet Stryn Sommerski. I 2010 kom bedriftene Moods of Norway (sjå denne under Industri og næring i Stryn - startår 2005 - og Nordfjord Kjøtt AS inn som hovudaksjonærar i selskapet. På Strynefjellet hadde det heilt sidan 1971 vore alpinsamlingar der ein brukte eit enklare tautrekk før det store anlegget kom.

Men i 2014 vart sommarskiselskapet slege konkurs etter ein varm sommar som gjorde at sesongen vart svært kort. I november same året vart det kjent at Idar Aaboen frå Skjåk tok over.

Stolheisen som kom på plass i 1986. Foto: NRK.

Stolheisen som kom på plass i 1986. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015