Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Sparebank

Sparebanken Sogn og Fjordane i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Sparebank vart grunnlagd i 1878. Banken leigde hus på Tonning, m.a. i ”Staurihuset” dei første åra. Deretter heldt banken til i det gamle kommunehuset fram til den flytta inn i eige bygg i Stryn sentrum i 1960. Bankbygget vart utvida på 1970-talet.

Staurihuset, der Stryn Sparebank heldt til dei første åra.

Staurihuset, der Stryn Sparebank heldt til dei første åra.

Stryn Sparebank kom i 1929 i alvorlege økonomiske vanskar etter finansieringa av eit kommunalt kraftverk i Dale i Markane. Men banken fekk akkord og kom seg på beina att. Stryn Sparebank overtok i 1939 privatbanken Nordfjord Handels- og Landmannsbank (sjå denne).

Sparebanken Sogn og Fjordane i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1988 vart Stryn Sparebank innlemma i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Fram til 1997 dreiv Sparebanken Sogn og Fjordane ein sparebankbuss – d.v.s. eit mobilt bankkontor – på Nordsida. Tidlegare Innvik Sparebank vart då ein filial til avdelinga i Stryn.

Sparebank-avdelinga i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebank-avdelinga i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.03.2011