Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn vidaregåande skule

Stryn vidaregåande skule vart i 2007 samla i dette skulekomplekset på Tonningleirane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn vidaregåande skule vart i 2007 samla i dette skulekomplekset på Tonningleirane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gymnasundervisning vart drive i friundervisningsregi frå 1970 og til den gjekk inn i Stryn v.g. skule, som vart skipa av Stryn kommune i 1972.

Den vidaregåande skulen vart deretter driven av Stryn kommune i to år før fylkeskommunen overtok. Skulen fekk først plass i eit industribygg i Vik, men hadde også klasserom i Stryn kulturhus, før den i 1994 vart samla i eit kommunalt bygg på Tonningleirane nærare sentrum.

Før Stryn vidaregåande skule vart sama på ein stad i 2007 var undervisninga spreidd på fleire bygningar rundt om i Stryn. Dette er ein av bygningane som vart nytta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Før Stryn vidaregåande skule vart sama på ein stad i 2007 var undervisninga spreidd på fleire bygningar rundt om i Stryn. Dette er ein av bygningane som vart nytta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I tillegg til denne «hovudskulen» vart både den tidlegare husmorskulen og jordbruksskulen på Langvin i Utvik samordna under Stryn vidaregåande skule. Stryn v.g. skule flytta inn i stort nybygg på Tonningleirane i 2007. Det ligg i tilknyting til skulebygget som stod der frå før. Stryn v.g. skule har m.a. idrettsline.

Her heldt byggfag og mekaniske fag til før Stryn vidaregåande skule vart samla i 2007. Bygningen vart seinare overteken av North Atlantic Boats AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her heldt byggfag og mekaniske fag til før Stryn vidaregåande skule vart samla i 2007. Bygningen vart seinare overteken av North Atlantic Boats AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.09.2011