Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnmøre Kreditbank

Nordea-avdelinga i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordea-avdelinga i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnmøre Kreditbank etablerte filial i Stryn i 1965. Sunnmøre Kreditbank var på den tida den største og sterkaste finansinstitusjonen på nordre Vestlandet.

Sunnmøre Kreditbank vart i 1975 slegen saman med ålesundsbanken Privatbanken til Sunnmørsbanken. I jappetida på 1980-talet var banken svært slepphendt med utlåna. I 1988 fekk Sunnmørsbanken eit tap på 588 millionar kroner og måtte bergast frå konkurs av Forretningsbankenes Sikringsfond.

Sunnmørsbanken vart overteken av Kreditkassen i 1991. Kreditkassen gjekk i 2000 inn i den nordiske storbanken Nordea Bank Norge AS.

Nordea har framleis avdeling i Stryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.03.2011