Hopp til innhold
X
Innhald

Valhalla Hotell

Walhalla Pensjonat - tidlegare Valhalla Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Walhalla Pensjonat - tidlegare Valhalla Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Valhalla Hotell på Tonning i Stryn vart starta i 1899 av Anna S. Ytre-Eide i det freda hovudhuset på handelsstaden i Perhus-tunet. Sjå også: Storgarden og handelsstaden Tonning

Hotellet vart drive vidare av Olina Ytreeide frå 1955. Ho vart ein legende innan reiselivsbransjen og dreiv sjølv hotellet til ho vart ei eldre kvinne på over 80 år. Valhalla vart i hennar tid særleg populært mellom handelsreisande som fann ein heimsleg hygge i det vesle, gamle hotellet.

Dei seinare åra har det vore overnattingsverksemd under namnet Walhalla Pensjonat i den gamle hotellbygningen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2011