Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen på nordsida av fjorden

Panoramavegen mot Hennebygtda med Anda i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Panoramavegen mot Hennebygtda med Anda i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylkesvegen frå Faleide til Lote vart fullførd i 2005. Dei mange storslagne utsiktspunkta på vegen gjer at den i turistreklamen vert kalla «Panoramavegen».

Men det skulle gå nærare 90 år frå dei første vedtaka om vegsamband mellom Faleide og Nordfjordeid via Lote vart gjorde og til heile veganlegget stod ferdig. Alt i 1916 gjorde kommunestyra i Innvik og Gloppen vedtak om at vegen måtte byggjast, men lite vart gjort. I 1937 gav fylkestinget prosjektet førsteprioritet, utan at det vart fylgt opp med tilsvarande løyvingar.

Blaksettunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Blaksettunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etappevis bygging

I staden konsentrerte Innvik kommune og seinare storkommunen Stryn seg om å gje bygdene utover til Randabygda og Hopland vegutløysing austover: I 1927 vart det bygd veg frå kaia på Hopland og opp til Hoplandstunet, og i 1928 kunne ein opne samanhengande veg frå Blakset i aust og ut til Nos. I 1947 vart vegen frå Hopland forlenga opp på høgda til Tvinnereim.

Samanhengande veg til Randabygda

I 1959 var Blaksettunnelane på 506 og 125 meter ferdige, slik at det lokale vegnettet på Nordsida fekk vegsamband mot Faleide og Stryn. I 1965 var Nostunnelen på 1155 meter ferdig, slik at også Randabygda, Tvinnereim og Hopland vart kopla inn på vegen mot Stryn.

Lote-Hennebygda

Frå vestsida hadde Lotetunnelen opna i 1966, og veg frå Lote til Hennebygda vart opna i 1980. Men framleis stod fem kilometer mellom Hennebygda og Hopland att. Etter sterke lokale krav gjekk fylkestinget i 2001 inn for bygging av dette siste vegstykket som vart opna i 2005. Dermed var det samanhengande vegsamband mellom Stryn og Nordfjordeid via Lote – 89 år etter at vegkravet første gong vart reist.

Randabygda sett frå nyevegen til Hennebygda, også kalla Panoramavegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Randabygda sett frå nyevegen til Hennebygda, også kalla Panoramavegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.03.2011