Hopp til innhold
X
Innhald

Videsæter Hotell

Videsæter Hotel, i dag Hotel Videseter, ligg i Videdalen  i Stryn kommune, like ved Gamle Strynefjellsvegen. 

Videsæter Hotell vart starta som fjellstove i 1903 då Staten kjøpte Victoria Hotell på Mindresunde av Isak Meland, og sette det opp att ved den nye Strynefjellvegen, eit steinkast frå den mektige Videseterfossen (60 meter høg).

Bonde Rasmus L. Skaare frå Oppstryn vart tilsett som fjellstovestyrar. I sjølve fjellstova kunne han berre ta Statens regulativsatsar for kost og losji, men i 1909 fekk han høve til å setje opp eit tilbygg som han kunne drive som privat hotell. Etter ei tid fekk han også overta sjølve fjellstovebygget. Hotellet hadde plass til 40 overnattingsgjestar. Sonen Lars R. Skaare overtok i 1930 og bygde på 1930-talet eige kraftverk ved hotellet.

I 1960 overtok dottera Magnhild Skaare Erster og svigersonen Otto Erster drifta og var vertskap ved Videsæter Hotell til dei selde i 1999.

Hotellet vart i 2000 kjøpt av Per Garen, som sidan har drive hotellet under namnet Hotel Videseter. Hotellet har plass til om lag 70 overnattingsgjestar. 

Skadd av snøras

I 1961 vart hotellet sterkt skadd og slege skakt av eit snøras. Drifta kunne likevel halde fram medan eit nybygg i betong vart reist. Dette stod ferdig i 1964.

Lunsjturistar

Lunsjgjester ved såkalla overlands-turar for cruise-turistar mellom Nordfjord og Geiranger har vore ein spesialitet for dette hotellet heilt sidan starten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.06.2017