Hopp til innhold
X
Innhald

Yris Hotell i Olden

Yris Hotel i 1906. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Yris Hotel i 1906. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Yris Hotell i Olden vart starta på den over 200 år gamle handels- og gjestgjevarstaden i Sjøatunet (sjå også "Storgarden og handelsstaden Tonning ") ved utløpet av Oldenelva. I 1884 kjøpte Vilhelm Yri staden, og bygde det første hotellet, som vart rive i 1999.

I 1893 bygde Yri nytt hotell i sveitsarstil eit stykke ovanfor gamlekyrkja i Olden. Dette vart etter kvart eitt av dei største og beste turisthotella i fylket.

Yris Hotell etter utviding. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen - UBB.

Yris Hotell etter utviding. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen - UBB.

Eigde fleire verksemder

Samstundes dreiv Vilhelm Yri landhandel nede ved sjøen, og var medeigar i skyssbåten «Victoria» på Oldenvatnet. I 1909 kjøpte Vilhelm Yri Storgarden Gjerde på Nordfjordeid og flytta dit. Her tok han i bruk det store herskapshuset på Gjerde som hotell og kalla det Yris Hotell.

I Olden lét han hotellet over til sonen Sivert W. Yri (1880–1926). Handelen og posthuset i Sjøatunet tok sonen Rasmus Yri (1883–1958) seg av.

Singer budde på Yri

Då den amerikanske mangemillionæren William Henry Singer jr. flytta til Olden i 1913, budde han nokre år på Yris Hotell før han bygde sin eigen villa Dalheim i 1921. Singer fekk bygd eit eige, private tilbygg til hotellet, der han budde i dei første Olden-åra.

Singer vart ein nær ven av Sivert og Rasmus Yri, og Rasmus vart ein sentral rådgjevar for Singer då den rike amerikanaren ytte tilskot til både sjukehus og vegar i fjorden. Frå 1924 til 1959 eigde Yris Hotell den store Briksdalsbre-restauranten oppe i dalen. Der var også hotell.

Den staselege trebygningen frå 1983 måtte gje tapt for flammane i 1977.

Den staselege trebygningen frå 1983 måtte gje tapt for flammane i 1977.

Utvida hotellet

Yris Hotell vart utvida fleire gonger. Den gamle trebygningen vart totalskadd av brann i 1977, og erstatta med eit nybygg som var tilpassa ein gjesteromsfløy i betong som var bygd på 1960-talet.

Stasjon for sightseeingtog

Dei siste åra har hotellet hatt skiftande eigarar, og har m.a. fungert som asylmottak. I 2010 vart Yris Hotell kjøpt av Timbernor Eiendom AS frå Stange ved Hamar. Selskapet hadde planar om å byggje om hotellet til leilegheiter og restaurant. Men i 2012 vart hotellet selt vidare til Endre Muri. Han driv Olden Sightseeing som fraktar cruisebåtturistar rundt i bygda, og han vil byggje om hotellet til ein togstasjon for sightseeingtoga. I tillegg skal det vere eit lite museum i bygningen.

Det tidlegare Yris Hotell slik det såg ut i 2007. Den venstre delen er betongbygget frå 1960-talet som stod att etter brannen, den høgre delen vart bygd etter brannen.

Det tidlegare Yris Hotell slik det såg ut i 2007. Den venstre delen er betongbygget frå 1960-talet som stod att etter brannen, den høgre delen vart bygd etter brannen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2014