Hopp til innhold
X
Innhald

Arnulf Midtgaard

Arnulf Midtgaard (1933-2003), frå Måløy, busett i Trondheim. Generalsekretær og bankdirektør. Siv.økonom frå NHH 1959. Frå 1965 tilsett i Norges Fiskarlag, først som sekretær og kontorsjef, og 1968–1976 som generalsekretær.

Adm. dir. i Statens Fiskarbank 1976-1997 og rådgjevar i SND (Statens Nærings- og Distriktsutbyggingsfond) frå 1997. Var m.a. medlem av Teknisk beregningsutvalg (Aukrust-utvalet) og Fiskarbankutvalet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.12.2007