Hopp til innhold
X
Innhald

Det gamle vetesystemet i Nordfjord

Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar. Vetane stod oftast fjell med vidt utsyn, men dei kunne også liggje heilt i sjøkanten slik ein kjenner det i m.a. i Smørhamn, på Kletten ved Måløy, Raudeberg, Silda, truleg også ved Askeland ved Davik, og på Hamre i Leikanger. Det var ingen grunn til å klive høgt til fjells dersom signala nådde like vide frå eit punkt nede ved sjøen! Lyset frå bålet vart fanga opp av vardevakter på andre vetepunkt som tende sine bål, og slik kunne varselet nå frå landsende til landsende på berre få dagar. Vetebrenninga var ikkje berre eit norrønt fenomen, men vart nytta som militært varslingssystem i Noreg til langt inn på 1800-talet.

Rekonstruksjon av tradisjonen med vardevakt ved vetestova på Ulvedal. I døropninga Leiv Blakset, som var sentral i arbeidet med å restaurere vetestova. Ukjend fotograf.

Rekonstruksjon av tradisjonen med vardevakt ved vetestova på Ulvedal. I døropninga Leiv Blakset, som var sentral i arbeidet med å restaurere vetestova. Ukjend fotograf.

Det var Håkon den gode Adalsteinfostre (918-961) som fekk organisert eit landsomfemnande varslingssystem med vetar, men ein reknar med at det fanst meir lokale veterekkjer tidlegare. Hovudvarslinga på Vestlandet gjekk med vetar som vart tende langs kysten. Når vetevaktene innover fjordane såg bålet brenne på fjelltoppen ute ved kysten, vart rekkja av vetar tende innover så langt kvar rekkje nådde. Svenskegrensa og innlandsdalane vart dekte med tilsvarande veterekkjer. Sidan vetane var i bruk som militært varslingssystem i minst 800 år, er det truleg at plasseringa og talet har variert ein god del gjennom tidene. Langs kysten og til midtre Nordfjord er det registrert vetar på fylgjande punkt – det er uvisst om dei var i bruk samstundes eller i ulike hundreår:

Bremanger:

I sør hadde vetepunkta ved kysten sikteline til to vetar i Flora kommune. Det var Kinnevarden (315 moh.) og Askrova (220 moh.). Smørhamn (låg nede ved sjøen), Bremangerveten sør for Vetvika (527 moh.). (I ein artikkel om vetar i Nordfjord av Leiv Blakset vert også Steinfjellet omtala som vetepunkt.) Innover Nordfjord finn vi fjella Vardeheida og Troda (485 moh.) mellom Elde og Davik nemnde som vetepunkt. Det same er fjellet Furehovden ved Davik (356 moh.). Det er også mykje som tyder på at veten i dette området ei tid kan ha lege på Ugleneset ved garden Askeland. Dette er eit nes som er godt synleg både innetter og utetter fjorden. På øya Frøya er fylgjande punkt omtala som ”vardar”, men det er uklårt om punkta hadde nokon varslingsfunksjon: Fanneskardvarden (378 moh.), Dosavarden (330 moh.), Høgevarden (390 moh.), Varden ved Kalvåg (95 moh.).

Veten (toppen til venstre over Måløy) var ein av fjelltoppane  i Vågsøy som var vetepunkt. Toppen til høgre heiter Brurahornet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Veten (toppen til venstre over Måløy) var ein av fjelltoppane i Vågsøy som var vetepunkt. Toppen til høgre heiter Brurahornet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Vågsøy:

Rønelden på Husevågøy (321 moh.), Måløyveten på fjellet Veten ved Måløy (613 moh.), Raudebergsveten (140 moh.) og Tofteveten ved Brunsvik (459 moh.), Vardehaugen på Silda (98 moh.). Einevarden og fjellet Hanekammen aust for Ulvesundet har også vorte omtala som vetar, men dette er meir usikkert.

Selje:

Signalen ved Fure (441 moh.), Vetenakken på Dragseidet (421 moh.) Kjerringveten på fjellet Kjerringa (497 moh.), og Vågsvarden ved Borgundvåg (391 moh.). Elles er Elshaugen (Ildsehaug)/Varden på Seljeøya (201 moh.) og Risnakken/Vetanakken nord for Selje (220 moh.) nemnde som vetar. Det same er Revjehornet ved Borgundvåg (462 moh.) Både på Kjerringa og Revjehornet stod det klaffetelegrafar i åra kring Napoleonskrigane på byrjinga av 1800-talet.

Eid og Hornindal:

Takloveten på Hundeidsfjellet (563 moh.). Dette var på mange vis den mest sentrale veten i Nordfjord, for frå Takloveten delte signalet seg vidare innover fjorden i tre liner: Den nordlege gjekk frå Takloveten til Åsebønakken ved Heggjabygda (340 moh.) og vidare til Ytrehornsnakken i Hornindal (560 moh.).

Den gamle vetestova på Ulvedal i Stryn før ho vart restaurert. Ukjend fotograf, eigar Erik Ivar Ulvedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den gamle vetestova på Ulvedal i Stryn før ho vart restaurert. Ukjend fotograf, eigar Erik Ivar Ulvedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stryn:

Den midtre varslingslina gjekk frå Takloveten til Dimmaveten vest for Tisthammar (634 moh.), derifrå til Ulvedalsveten ved Blakset (450 moh.), Vinsrygg i Stryn (461 moh.), og derifrå i to retningar: Den eine til Skår i Oppstryn (275 moh.) og Vetekulen ved Hjelle, og den andre til Huaren/Auflemsfjellet i Olden (285 moh.).

Gloppen:

Den sørlege lina frå varselet på Takloveten i Eid lina gjekk til Breimsveten i Breim (632 moh.) og derifrå til Midtvarden (765 moh.) på Sørstranda i Gloppen. Vardevaktene vart innhyste i små vetestover. Den opphavelege vetestova er teken godt vare på i Ulvedal, og på Ytrehornsnakken og Vinsrygg er vetestover rekonstruerte i nyare tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011