Hopp til innhold
X
Innhald

Ekspressruter

Ekspressbåten frå Selje på veg sørover Ulvesundet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ekspressbåten frå Selje på veg sørover Ulvesundet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylkesbaatane starta ekspressbåtruter mellom Nordfjord og Bergen i 1971 m.a. med daglege anløp av Måløy.

Den første var hurtigbåten «Fjordglytt». Dette var den første katamaranbygde passasjerbåten i verda. «Fjordglytt» kunne ta 140 passasjerar og gjekk med ein toppfart på 28 knop. (I Sogn hadde Fylkesbaatane litt tidlegare same året sett inn «Fjordprins» på ei ny hurtigbåtrute Bergen – Årdalstangen. Denne båten var bygd på eit kanonbåtskrog, kunne ta 173 passasjerar og gjere 32 knop). Ekspressbåten på Nordfjord hadde endestopp på Nordfjordeid til tidleg på 1980-talet. Frå då av og fram til Selje vart endestopp i 1988 gjekk ruta berre til Måløy.

Båtrute til flyplassen

På 1990-talet vart det starta ei hurtiggåande ekspressbåtrute som «flybåt» mellom Måløy og Florø. I 2007 sette Fjord 1 Fylkesbaatane inn ein hurtiggåande katamaranbåt som «flybåt» og arbeidsrute på strekninga Måløy – Smørhamn – Florø. Denne gjorde det mogeleg for måløyværingane å reise til hovudflyplassen Gardermoen på tre timar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2010