Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Fønstelien

Endrar Erik Fønstelien frå Numedal kom til Måløy som omreisande skreppehandlar og grunnla i 1900 bok- og papirhandel og manufaktur ved Torget i Måløy.

Sonen Reidar Fønstelien tok seinare over som leiar for verksemda. Eigedomen vart kring 1970 utvida med forretningsbygg tvers over Gate 1 på Øvre side, der Petter Verlo hadde drive kjøtforretning, og med eit handels- og kontorbygg mot sjøen.

I 1904 var Erik Fønstelien medskipar av Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S på Trollebø (sjå og Måløy Sildoljefabrikk A/S). Saman med svogeren bygde Fønstelien også ein guanofabrikk på Kulen. Her vart sonen til grunnleggjaren, Arvid Midthjell, seinare styrar. Denne fabrikken vart lagd ned under 2. verdskrig.

Fønstelien-familien la ned bokhandelen og selde forretningseigedomen sin ved Torget i Måløy i 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008