Faktaboks

Etymologi

norrønt mál, ‘stemne, ting’, det vil si at øya har vore stemne- og/eller tingstad

Innbyggjartal
3291 (SSB, 2023)
Landareal
2,2 km²
Tettstadsnummer
5682 Måløy
Måløy.

Måløy.

Av .
Lisens: CC BY 2.0
Vågsøy

Fra Måløy. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Måløy er ein tettstad i Kinn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,2 km², og har 3291 innbyggjarar (2023).

Tettstaden ligg på søraustsida av øya Vågsøy og har bystatus frå 1997.

Kystbyen Måløy var fram til 2020 administrasjonssenter i tidlegare Vågsøy kommune i daværende Sogn og Fjordane fylke.

Næringsliv

Måløy er ei viktig fiskehamn med mykje industri knytt til fiskeri og fleire fiskeeksportfirma. Måløy er òg eit viktig kommunikasjons- og handelssenter. Måløybrua over Ulvesundet på riksvei 15 går over til fastlandet. Måløy er stoppestad for Hurtigruta.

Offentlege institusjonar og kultur

Ved Deknepollen på fastlandet ligg Måløy vidaregåande skule med eit breitt linjetilbod, tre kilometer frå Måløy sentrum.

I Måløy kjem avisa Fjordenes Tidende ut. Sør-Vågsøy kyrkje er ei langkyrkje av tre frå 1907.

Historikk

Måløy vart angripe av britiske og norske styrkar 2. juledag 1941 under Måløyraidet i andre verdskrig. Kaptein Martin Linge miste livet.

Under ekstremværet Elsa i februar 2020 steig havnivået i Måløy til 286 centimeter over normal vannstand, og rekorden frå 1993 vart dermed slått.

Namn

Måløy er opphaveleg namnet på ei lita øy i sundet mellom Vågsøy og fastlandet. Namnet kjem truleg av norrønt mál, 'stemne, ting', det vil seie at øya har vore stemne- og/eller tingstad.

Måløy
Måløy
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Starheim, Ottar & Terje Sølvberg: Måløy: brua og byen, 2003.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg