Faktaboks

Fjordenes Tidende
Offisielt namn
FJORDENES TIDENDE AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Måløy
Dagleg leiar
Dag H. Nestegard
Styreleiar
Frank Emblem
Logo
Logo
Av .

Fjordenes Tidende er ei dagsavis i Måløy som vart grunnlagt i 1910. Papirutgåva kjem ut to gonger i veka, elles som dagleg oppdatert nettavis. Fjordenes Tidende er lokalavis for Vågsøy, Bremanger, Selje, Eid og deler av Vanylven. Avisa er frå 2009 eigd av Polaris Media ASA.

Digitalt

Fjordenes Tidende opererer med betalingsmur for ikkje-abonnentar som vil lese avisa på nett. Det daglege talet på lesarar som nytta papirutgåva eller nettavisa var i 4. kvartal 2023 totalt 9927, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Bakgrunn

Knud O. Midgaard
Midt under høyonna i 1909 samla den 55 år gamle sersjant Knud O. Midgaard (bilete) frå Halsør tingarar til den nye avisa. Midgaard starta med å tråle rundt i heile Vågsøyna og gjekk derifrå til Stad og Vanylven. Derifrå gjekk ferda vidare over til Bryggja og endte opp i Olden, inst i Nordfjord. I løpet av fi re veker samla han 400 tingarar. Under krigen var Fjordenes Tidende underlagt sensur og fekk til dømes ikkje skrive om Måløy-raidet i 1941. Redaktør Harald Fagerlid måtte ofte ringe styreformann Audun Lem for å spørje om kva han skulle gjere med forordningane tyskarane ville ha inn i avisa. «Du får leggje det til sides,» pleide styreformann Audun Lem å svare. Avisa blei ikkje kravd for erstatning etter krigen.
Knud O. Midgaard
Av /Fjordenes Tidende.

Det var den strategiske plasseringa som lun hamn rett sør for Stad som gjorde Måløy til ei viktig fiskerihamn. Ved starten av 1900-talet voks det her fram eit bysamfunn og med dét ein potensiell avismarknad. Men Måløy mangla eit organ for annonsar og politisk ordskifte.

Det blei oppfatta som ein hemsko for utviklinga at staden låg under det agrare Selje herad, men i 1910 blei Måløy senter i Sør-Vågsøy herad.

Etablering

Ekspeditør Per Sunde, overrettssakførar Kristofer Bernhard Hagen og andre framståande menn byrja i 1909 å planleggje ei avis. I 1910 blei Fjordenes Tidende skipa som organ for det næringsliberale partiet Frisinna Venstre.

I 1931 var det knapt høvdingar att i dette partiet, og Høgre tok over avisa.

Fjordenes Tidende brukte riksmål, slik det høvde seg for byfolk som ville markere avstand til bondebakgrunnen sin. Avisa var fylt av telegram og referat, og så turr at ho blei kalla «Kavringen» på folkemunne.

Konkurranse frå Nordfjord Folkeblad

Etter initiativ frå hermetikkfabrikkeigar Johan Gotteberg fekk Måløy i 1933 ei ny avis som var langt friskare og informativ. Nynorsk, norskdom og andre Venstre-saker var grunnlaget for Nordfjord Folkeblad med Per Osdal som redaktør. I 1936 tok J.M. Steffensen over som redaktør. Steffensen hadde vore redaktør i Tidende og tok opp kampen ved å auke Folkebladet frå to til tre nummer i veka. Fjordenes Tidende sleit økonomisk, men følte seg tvungen til å gjere det same.

Krigsåra

Folkebladet blei stogga i 1940, medan Tidende kom ut under heile krigen. Folkebladet kom tilbake i 1948, men måtte gje seg 5. januar 1952 etter at trykkarane flytta til Bergen.

Etterkrigstida

I 1964 blei Måløy senter i ein større kommune. Året etter blei Per-Gunnar («pg») Larsen redaktør i Tidende og fekk sving på journalistikken. Larsen utvida lesarskaren ved å gjere avisa til eit talerøyr for distriktet og uredd kamporgan for Nordfjord sjukehus på Eid.

På 1980-talet gjekk avisa med millionoverskot.

Eigarskifter

I 1994 selde Høyres pensjonskasse aksjane sine til Sunnmørsposten, som var eigd av Orkla Media. I 2006 blei Orkla Media (seinare Edda Media) kjøpt av det britiske Mecom. Polaris Media kjøpte Sunnmørsposten i 2009.

Opplag

Opplagstall for Fjordenes Tidende, 1986-2022

1986 6735
1988 6805
1990 6832
1991 6775
1992 6780
1993 6791
1994 6741
1995 6667
1996 6683
1997 6685
1998 6689
1999 6694
2000 6590
2001 6326
2002 6085
2003 5896
2004 5855
2005 5684
2006 5582
2007 5483
2008 5485
2009 5434
2010 5308
2011 5180
2012 5017
2013 4775
2014 4648
2015 4566
2016 4403
2017 4472
2018 4747
2019 4718
2020 4519
2021 4587
2022 4635
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1932 1000
1957 3471
1960 4037
1970 5509
1979 7003
1990 6832
1998 6889
2008 5485
2010 5400
2015 2423
2022 4635
2023 4780

Fakta

  • Fyrste nr. 5.4.1910

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Fjordenes Tidende
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg