Hopp til innhold
X
Innhald

Flyruter og flyplassplanar

På Breimyra over Måløy var det planar om å byggje flyplass på 1950-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Breimyra over Måløy var det planar om å byggje flyplass på 1950-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dei store vekståra på 1950-talet vart det lansert planar om flyplassar både i Måløy og Florø. I Florø kom ein så langt at ein starta å skyte ut ei flystripe på Havreneset, medan det vart med draumane i Måløy. Den mest aktuelle staden å byggje ein flyplass var på Breimyra på fjellet ovanfor Måløy.

På 1980-talet lanserte dåverande ordførar Rolf Domstein på nytt planar om ein lokal flyplass, denne gongen i Krokepollen ved Bryggja, men heller ikkje dette vart det noko av.

I 1959 starta Bergens Tidende distribusjon av aviser til Sogn og Fjordane med sjøfly. Avisflyet gjekk dagleg til Måløy, og vart også nytta som passasjerfly.

I august 1965 starta Solbergfly (sjå Flora kommune - Thor Solberg) ei sjøflyrute Bergen-Florø-Måløy. Otter-flya kunne ta 10 passasjerar. Men ruta fekk liten trafikk frå Måløy og vart lagd ned etter kort tid. Folk nytta heller den betre innarbeidde avisruta.

I 1965 forsøkte Mørefly seg med ei sjøflyrute frå Måløy til flyplassen på Vigra, men også denne ruta fekk for lite passasjerar og vart lagd ned same året.

På 1990-talet fekk Måløy eigen ”flybåt” – ein hurtigbåt til og frå flyplassen i Florø. På 1990-talet vart det også lansert planar om ei helikopterrute frå Måløy til ein av stamflyplassane på Vestlandet utan at det vart noko av.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.12.2009