Hopp til innhold
X
Innhald

Fornfunn i Vågsøy

Helleristingar på Krabbestig på Husevågøy.

Helleristingar på Krabbestig på Husevågøy.

Fornfunn på Vågsøya

På sjølve øya er dei rikaste funna gjorde ved Raudeberg: Her er det funne gravrøyser frå bronsealderen både ved Ulvefalda sør for Raudeberg og i Røysa like nord for sentrum. I Refvik er det registrert fire gravhaugar og ei gravrøys. Dei to største gravhaugane ligg ved enden av Refvikvatnet og er 10 meter i diameter og er temmeleg flate. I Refvik er det elles funne nokre gjenstandar frå yngre jernalder (550-1050), m.a. eit par kjøtknivar som truleg har vorte nytta til trolling. I 1895 stod det ein bautastein på Sæternes ved Måløysundet.

Jernalderfunn i Vågsvåg

Då gravplassen i Vågsvåg skulle utvidast i 2011 vart det funne spor etter 2000 år gamal busetnad. Arkeologane fann eldstader, ei mogeleg grav og stolpehol. Funnet er viktig dokumentasjon på at det var gardsdrift i Vågsøy i jernalderen.

Helleristingane på Husevågøya

På ein knaus i Færeldemyra under Krabbestigen på Husevågøya er det hogge fleire helleristingar inn i berget. Her er det tydelege teikningar av båtar, solfigurar og ringar, og dessutan skålgroper for ofring.

Kvinnegrav på Rimstad

Frå vikingtida er det funne ei kvinnegrav frå 800-talet i Fruhaugen på garden Rimstad ved Bryggja. I grava vart det funne to ovale bronsespenner og eit kjede med glasperler.

Bronsespenner og kjede med glasperler frå kvinnegrava på Rimstad.

Bronsespenner og kjede med glasperler frå kvinnegrava på Rimstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011