Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsmannen Ulf Lem

Ulf Lem var sonen til lensmann Arnoldus Lem på Trollebø, og gift med dotter til den aktive distriktslegen Johan Nicolay Cappelen som m.a. var dampskipsekspeditør for Amtbaatane då dei tok til i trafikkere Nordfjord i 1859.

(Ekteparet Lem fekk sonen Bjørn. Bjørn Lem vart utkommandert som tolk av tyskarane og vart arrestert etter 2. verdskrig, og omkom i eksplosjonsulukka med ammunisjonslekteren «Thekla» utanfor Florø 1. september 1945.)

I handelslære i Sogn

I handelslære i Sogn

Ulf Lem hadde rike slektningar i Sogn, og gjekk mellom anna i handelslære hjå slektningar i Luster frå han i 1882 kom tilbake og starta handel i Skramsbygda. Her tok han over ein landhandel som hadde vorte driven sidan 1871 av Vaagsøy Forbruksforening med Valdemar Ellingsen som styrar.

«Gudfaren» til Måløy

Ulf Lem bygde etter kvart ut eit stort handelshus med m.a. dampskipskai og import- og eksportforretning, og vert rekna som «gudfaren» og grunnleggjaren av Måløy som ein framsynt og eksport-orientert fiskeriby. Dei fleste handelsmenn og eksportørar som starta for seg sjølv i åra kring 1. verdskrig, hadde vore i teneste hjå Ulf Lem. Kring 1885 skaffa han den første store bankskøyta til Måløy, og i 1899 kjøpte han fiskedampskipet «Ruth». I oppgangstida kring første verdskrig auka Ulf Lem formua si til 520.000 kroner!

Økonomiske vanskar

I 1928 kom Ulf Lem, som då var styreformann i Ulvesund Kreditbank, i økonomiske vanskar i samband med at banken gjekk konkurs. Og før Lem rakk å få orden på finansane att, kjøpte Jakob A. Myrestrand (sjå J. Myrestrand under Fiskeriverksemder i Vågsøy) heile firmaet med alle eigedomane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.04.2010