Hopp til innhold
X
Innhald

Første fiskebudene i Måløy

Måløy med fiskebuer i 1922. Ukjend fotograf, eigar: Martin Hagevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Måløy med fiskebuer i 1922. Ukjend fotograf, eigar: Martin Hagevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den første fisketilverkaren i Måløy – eller Skramsbygda som det heitte då – var Stavanger-mannen Joh. Henrik Olsen.

Han dreiv fiskekjøp og salting i det som på folkemunne seinare vart kalla Olsen-buda. Denne fiskebuda stod på Skram. Ein annan aktiv mann på same tida var den første telgrafstyraren i Måløy, P.A. Strømsøe. Han fekk sett i gang kaibygging på Vågsøy-sida av sundet, og sjølv bygde han seg ei sjøbu på Skram. Hans Skram og Elias Verpeide bygde svært mange av kaimurane i Måløy i dei første åra på 1800-talet, då Skramsbygda tok til å utvikle seg til ei fiskerihamn.

Strømsøe kjøpte etter nokre år også Olsen-buda som låg lengre sør, og var den første i Måløy som bygde ein bekk der det vart levert vatn frå til skip og fiskebåtar.

Olsen-buda vart seinare kjøpt av John Henden som dreiv sildesalting. Deretter Kjøllesdals Fiskeriselskab (sjå dette under). Ein kort periode eigde Søren M. Wedderhus buda. Det same gjorde Lars P. Lefdal før Andreas Osmundsvåg kjøpte den og bygde opp ei av dei største fiskeverksemdene på Vestlandet.

Den nordlegaste sjøbuda til P.A. Strømsøe vart teken over av Reinhardt Johannessen, Samson Waage og Chr. Holvik, truleg i 1889. Samson Waage er registert som kjøpmann og dreiv truleg landhandel, medan Chr. Holvik dreiv fiskemottak på buda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2010